Billett
Nettsal
Nettsalet er ope for alle døgnet rundt! Å kjøpe billett på nett er både lett og sikkert. Kjøper du billett på nett kan du skriva ut billetten heime og ta med utskrifta til Meieriet når du skal på eit arrangement. Alle billettar er utstyrt med ein unik strekkode som vert scanna og kontrollert når du kjem i døra.
Billettkontor
- Billettkontoret til Veka finn du i andre etasje på Meieriet i Sogndal. Kontoret er bemanna man-fre frå kl.12-16.
- Du kan også kjøpa billettar på Fjordbok i stadionbygget på Fosshaugane, man-fre frå kl.9-15.
Kjøp på førehand – spar pengar!
Prisane på alle billettar stig dersom du ventar med billettkjøpet til du kjem i døra. Derfor er det lurt å kjøpa billett på førehand, slik kan du spara opptil 50 kroner per billett.
Frivillig under Veka? Kjøp billett på styrekontoret på Meieriet
Frivillige under Veka kan berre kjøpa billett på styrekontoret på Meieriet.
Har du ikkje skrivar? Bruk kredittkortet som billett!
Dersom du ikkje har høve til å skriva ut billetten heime kan du nytta kredittkortet som du kjøpte billetten med som billett. Når du kjem til Meieriet er det berre å dra kortet i døra.
NB: Hugs at du må ta med det kortet som du kjøpte billetten med! Det er dette kortet som er knytta til billetten.
Spørsmål eller problem ved kjøp av nettbillett?
Kontakt nettansvarleg Ingve Lende på web@studentveka.no