Frivillig
Veka TjueTi avheng av deg! Ja, nettopp deg. Vi treng frivillige til å dra det heile i land, og dermed gjere Veka TjueTi til tidenes beste studentveke!
Vi treng MANGE frivillige til ulike jobbar; bar, kafé, vakter, lyd og lys og så vidare. Her får du ein unik moglegheit til å få masse erfaring, som garantert gjev positiv effekt på CVen din. Det du må gjera som Vekafrivillig er å jobbe tre gonger som bartender, vakt , kafévert eller som crew i lyd- og lysgjengen. Godene som følgjer med er mange:
Som Vekafrivillig får du:
Makspris på 100 kroner per billett! 0 kr i gebyr!- Garantert billett fram til 20.januar
- Bli med i trekninga om tur for to til Island med Iceland Air
(Verdi: 10 000 kr!) - Bli med i trekninga om FRIKORT til VEKA TJUETI!
- Unngå billettstress:
VEKA reserverar billett til deg som frivillig fram til 20.januar - Adgang til den legendariske funksjonærfesten med middag!
- Venner for livet!
- Flott attest på frivillig arbeid som kan vera grei å ha med seg vidare!
- Mat og drikke medan du er på jobb
- Ha det utruleg gøy saman med andre medan du er på jobb =D
Og sjølvsagt vil du få full opplæring i dine arbeidsoppgåver
VEKA HAR BERRE PLASS TIL EIT VISST TAL FRIVILLIGE SÅ MELD DEG SOM FRIVILLIG ASAP!
Krav til Vekafrivillige:
- Student og medlem i Studentsamfunnet. Medlemskap kan du kjøpa online her.
- Er over 18 år
- Jobbar tre gonger i anten bar, vakt, kafe eller lyd og lys
- Møter på jobb presis og i edru tilstand
For å registrera deg opp som frivillig treng du berre fylla ut skjemaet under så vil vår frivillig koordinator, Anne Karen Røyrvik, ta kontakt med deg. Har du spørsmål kan du senda dei til Anne Karen på frivillig@studentveka.no.
Påmeldinga er ikkje forpliktande før kontrakt er underskriven.
