Historikk
Bakgrunn og starten
Hausten 1979 var Rolv Wesenlund & Co på turnè med ein revy som dei hadde hatt suksess med i Oslo. Blant publikum på førestillinga i Sogndal var den gongen ein dåverande amanuensis ved naturfag på distriktshøgskulen og ein noverande ass. dir. i SISOF. Kommentaren etterpå var at dette ikkje var særleg imponerande. Kunne kjendisane frå Oslo kome hit med ei slik færestilling, kunne studentane i Sogndal lage ein studentrevy. Spiren var sådd og desse to karane tok like godt initiativet til og var med på å gjennomføre den fyrste studentveka i Sogndal VEKA-80 7.-14.mars. Det var endå langt fram til Sogndal fekk kulturhus og revyen “Gjestespel” (med Gjest Baardsen som gjennomgangsfigur), måtte spelast i ungdomshuset på Kaupanger, Skogly. Studentveka i 1980 var vellukka, men studentmiljøet og studenttalet ved distriktshøgskulen og lærarskulen den gongen var berre på nokre hundre og omfanget av arrangementet var difor lite i høve til i dag.
Fleire veker?
Det var semje om at det burde bli ein tradisjon med VEKA annankvart år. Planleggingsarbeidet vart sett i gang med sikte på Studentveke i 1982. Det viste seg etter kvart at det ikkje var mogleg å få etablert eit styre som kunne stå for eit slikt arrangement då og det heile vart utsett eit år. Men VEKA-83 blei til gjengjeld ei “historisk” veke med den fyrste nærradioen i Sogn og Fjordane. Dette var forløparen til Radio Gravenstein og prosjektet fekk 10.000 kr frå Fylkeskultursjefen, som den første nærradioen i fylket. Sidan 1983 har det vore studentveke i Sogndal annankvart år.
Føremålet med VEKA
I samband med den fyrste student VEKA-80, vart det framhalde at føremålet var todelt. Studentveka skulle verke miljøskapande ved Høgskulen, men også fremje kontakt med og “goodwill” hjå bygdefolket og ein håpa på at det skulle bli ein fast vekatradisjon. Dette er seinare vorte følgt opp og har vore grunnlaget for tradisjonen og suksessen.
Kva betyr VEKA for Sogndal som studiestad?
Vi skal vera stolte over at det no er 18 veker, eller rettare 30 år sidan den fyrste studentveka vart arrangert i Sogndal. Dette gjer Sogndal til ein av studiestadane med lengst vekatradisjon, om ein ser bort frå Ås og Trondheim som skil seg ut i denne samanhengen. VEKA er eit av mange element som til saman utgjer det gode studentmiljøet i Sogndal. Det gode studentmiljøet som Sogndal er blitt kjent for, har utan tvil vore avgjerande for studentrekrutteringa.