Aktivitetar


VEKA er mykje meir enn konsertar på kveldstid. Det er eit totaloppleving av dei sjeldne. I tillegg til konsertane så er det fantastisk mykje meir som skjer og her finn du  oversikta:

VEKA Bingo

Dbingoet vert 2 bingoøkter under årets VEKA. Bingoen føregår på Lab’en og vi har mange flotte premiar som skal delast ut! Vil du lese meir om bingo kan du trykke her.

Onsdag 17. – kl. 15 på Lab’en

Fredag 26. – kl. 15 på Lab’en

VEKA Quiz

quizDen tradisjonelle pubquiz’en tar ikkje fri under VEKA. Vi har mange feite premiar som skal delast ut, og DU kan vinne!

Fredag 19. – kl. 19 på Lab’en

Fredag 26. – kl. 19 på Lab’en

Torsdag 18. – VEKA Basar

tombolaNytt av året er ein eigen VEKA basar! Sats ei krone på åresalg, kakelotteri, 21, tombola og mykje anna. Her kan du vinne flotte premiar, blant anna frå våre sponsorar.

Basaren startar klokka 15 og føregår på Lab’en

Laurdag 20.  – URBAN SKILEIK

For tredje året på rad fyller vi gata mellom Meieriet og kommunehuset med snø, og arrangerer eit uhøgtidelig skirenn for folk i ALLE aldrar. Vi kan by på olympiske element, og flotte premiar. Meld deg på individuelt eller lag, til studentspretten@stud.hisf.no og sjølvsagt blir det afterski på laben!

Søndag 21. – OL I SPEL

Ludo set 00476Dette er ei speleturnering der vi dreg ut element frå kjente og kjære spel som ALLE har like forutsetningar for å vinne i. Dei med best poengscore frå dei innledande rundane går til ei festlig og publikumsvennlig semifinale. Vinnarane her går til ei endå meir publikumsvennleg FINALE. Av spel kan vi friste med blandt anna Nintendo 8 bits, Yatzii og bord-hockey. Deltaking kostar 20 kroner, her kan du vinne flooooootte premiar.

Turneringa byrjar klokka 14, og påmeldinga startar klokka 13.

Tysdag 23. – SKIDAG

skidagTradisjonen tru så vert det felles buss opp og ned fra bakken (kjem tilbake med tidspunkt og pris). Alle studentar ved HSF har fri denne dagen og det vert anbefalt å ta turen til Heggmyrane og oppleve den elektriske stemninga i bakken. Om du vil stå på ski eller ikkje er heilt opp til deg. Lurkarlaget syter for leikar, konkurransar, musikk, åpen grill, festlegheiter og mege god stemning. Obligatorisk afterski på lab’en, med musikalsk innslag av deler av Kings of Lien.

_

Laurdag 27. – After aktivitet

Gjer kva du vil, men ver med på vårt afterski/forspill på lab’en, der Cafe Olai gir oss allsang som passar til grillmaten, som Lurkarlaget står og grillar for deg.

olai

Del denne artikkelen
  • Facebook
  • Twitter