Under 18?


Er du under 18 år og har lyst til å gå på konsertar under Veka TjueTi så er det moglegheiter for det!

NB: Alle under 18 år slepp inn på Galleriet under ekstrakonserten med A1. På denne konserten treng ein ikkje ha med seg verge.

Reglane er slik:

  • Personar under 18 år må ha verge med seg på arrangement.
  • Ei verge må vera edru medan dei under 18 år er tilstades
  • Verga må vera over 25 år
  • Verga kan ha med seg to personar under 18 år

datarock

Her gjeld det å vera tidleg ute. Det er opp til Krovert å vurdere kor mange under 18 år som kan kome inn basert på totalt billettsal og arbeidsmengde.

Slik foregår kvelden:

  • Verge og dei under 18 år møter opp litt før kl 22:00
  • Alle har skilt rundt halsen med verge og under 18 år merkje pluss eit kryss på handa

Dette gjer du for å sikra deg konsert:

1- Skaff deg verge

2. Kontakt Krovert ved Meieriet på epost krovert@meieriet.no eller på telefon 41497948

3. Kjøp deg billettar og kos deg på konsert under Veka TjueTi!!

Del denne artikkelen
  • Facebook
  • Twitter