Artistar
Her finn du omtale av alle artistane som kjem til Veka Tjueti.
| Paperboys – onsdag 17.februar Paperboys er Noreg sine ukrona hiphop kongar. Med Vinni i spissen har dei år etter å r toppa alle salslister, det siste året med monsterhiten “Lonesome Traveller”. Paperboys vitja også Veka i 2006 med ein fantastisk konsert. 2009 gjorde dei to karane eit aldri så lite comeback med den eminente plata “The Oslo Agreement”. Ingen fot kjem til å stå stille og alle hender vil vera i taket! Velkommen til Vekaopning Tjueti! |
![]() |
Donkeyboy m/Linnea Dale – torsdag 18.februar Donkeyboy har vore det mest populære bandet i Noreg i haust, og kjem endeleg til Meieriet! Sjeldan har Noreg sett ein verkeleg popsensasjon på linje med Donkeyboy og me vågar påstanden at alle i Sogndal har lagt merkje til desse i haust. Smarte låtar, praktfulle vokalharmoniar og fargerike sceneshow er noko av det me kan venta oss. |
|
Vassendgutane – fredag 19.februar Vassendgutane frå Ørsta kjem også i år. Dei var så strålande fornøgd med stemninga og publikum sist at dei lengtar tilbake. Gjer deg klar for ein heidundrandes bygdefest med allsang og god stemning. For vi køyre Granada, jada! |
|
CC Cowboys – laurdag 20.februar Vilt, vakkert og vått! Østfoldbandet CC Cowboys står på scena på Meieriet laurdag 20.februar. 20 år etter at dei vann Spellemannspris for debutalbumet “Blodsbrødre” trekk bandet framleis fulle hus over heile landet, og lovorda frå pressekorpset strøymer på for dei energiske konsertane bandet leverar. Her vert det rift om billettane! Klikk for å lesa meir |
|
John Olav Nilsen og gjengen – sundag 21.februar Bergensbandet John Olav Nilsen og gjengen er i fyr og flamme. I slutten av 2009 kom albumet som mangen hadde venta på. “For Sant Til Å Være Godt” vart kåra til årets album av Dagbladet, Lydverket, Aftenposten m.fl. La ikkje sjansen gå frå deg, John Olav er klar! |
|
Generous Days – sundag 21.februar Sognabandet The Generous Days har opplevd det meste, no får dei og spele på VEKA. Bandet som ifølge Lydverket spelar “herlig flowerpop” har blant anna spelt på legendariske The Cavern i Liverpool, Molly Malones i Los Angeles, Hovefestivalen, Norwegian Wood i tillegg til utallige plassar i Norge. The Generous Days er noko av det beste musikkmiljøet i Sogn og Fjordane har å by på. |
|
Tyyl – sundag 21.februar Sogndalsbandet Tyyl! spelar hard rock og syng på det karismatiske “Sognamaolet”. Dei kjem ut med nytt album i mars og VEKA publikummet vert noken av dei første til å høyre det nye materialet. Tyyl er ikkje tull, det er tøft! |
|
Kings of Lien – tysdag 23.februar Kings of Lien er eit studentband med stadig veksande fanskare både i og utafor bygda. Med sine coversanger er dei klare for å ta afterski’en på Meieriet til eit heilt nytt nivå. Nye sanger er øvd inn, nye ablegøyer er på plass. Kings of Lien er klare for Skidagen 2010! |
|
Sigrid Moldestad m/band – onsdag 24.februar By:Larm-aktuelle og platektuelle Sigrid Moldestad er kanskje ein av dei mest spanande artistane Sogn og Fjordane har å by på, og det er med stor glede at Veka endeleg kan ynskja ho velkommen til Meieriet. I 2007 vart Moldestad kåra til årets artist i Sogn og Fjordane og vann same år Spellemannspris for plata “Taus”. Ny plate er venta i mars. |
|
Datarock – torsdag 25.februar Gjer deg klar for eit av Vekas store høgdepunkt, Meieriet kjem til å koka når Datarock står på scena under Veka! Dei som har vore på konsert med Datarock veit at det er umogleg å stå stille, det er regelrett stor fare for at du ender opp i vill dans og sang! Kanskje ikkje så rart at bergensbandet etterkvart har vorte eit ettertrakta band også i utlandet. Klikk for å lesa meir |
|
Karin Park – torsdag 25.februar Svensk-Norske Karin Park har opparbeid seg eit meget godt rykte i Sogndal. Med sin fengande popmusikk og sjarm er ho klar for VEKA Tjueti! Ho gav ut albumet “Ashes to Gold” i fjor og gler seg veldig til å koma tilbake til saftbygda. |
|
Superfamily – fredag 26.februar Popgruppa frå Moss gav ut eit nytt album i fjor og fekk strålande kritikkar. Superfamily er kjend for sine fantastiske sceneshow og fengande hits. Høyrde du på radio i sommar så høyrde du garantert hitlåten “Lets go dancing”. Superfamily spelar på Meieriet for alle første gang og det er sanneleg på tide! |
|
Kråkesølv – fredag 26.februar |
|
A1 – laurdag 27.februar Eit av verdas mest kjende boyband kjem til VEKA. A1 med norske Christian Ingebrigtsen i spissen skal syte for ein nostalgisk og uforgløymeleg kveld på Meieriet. Dette er einaste heilaftens konserten dei skal gjere i Norge i år, så det er bere å skaffe seg billett før dei forsvinn. |
|












