Tommy Tokyo & Starving for My Gravy

January 23, 2009 by Thor Kristian Sortevik  
Sortert under Arkiv

Tommy Tokyo

Tommy Tokyo er artisten alle musikkelskarar har venta på, og no kjem han endeleg til Sogndal og Veka!

Det er ikkje utan grunn at Tommy Tokyo er nominert til tittelen ‘Årets norske liveartist’. Det er fyrst og fremst som liveartist Tommy Tokyo & Starving for My Gravy kjem til sin rett. Her er musikk som treff deg i sjela, finn kjenslene dine og gjer noko med deg.

Tommy Tokyo & Starving for my Gravy har kome med sitt andre album, kalla Smear Your Smiles Back On. Desse gutane kan by på herleg blanding av Neil Young, Nick Cave, Bob Dylan og Arcade Fire, som formidlast på ein herleg teatralsk og cabaret-aktig måte. Dette er lyden av norsk rock heilt utan reglar, tvangstrøyer, hundeband og galne sjalu kjærestar, og det funker som eit nysett skot!

“Norsk rock på sitt beste anno 2008.” (Adresseavisa, terningkast 5)

“Med tanke på at Madrugada og Ricochets nå ikke lager mer musikk, er derfor Tommy Tokyo & Starving For My Gravy akkurat det landet trenger.” (Avisa Nordlys, terningkast 6)

“Her har Tommy Tokyo truffet spikeren på hodet; det låter absolutt fabelaktig!” (Musikknyheter.no, 8/10 poeng)

Smear Your Smiles Back On er en fullgod balansegang mellom boblende skaperglede og tilgjengelighet.” (Bergens Tidene, terningkast 5)

Terningkast 5 og kåret til Månedens Album i FHM.

Smakebit:

Derail and Demise _
The Circle Must Be Broken _
A Great Challenge _

.

http://www.tommytokyo.com/index.php
http://www.myspace.com/tommytokyo

Del denne artikkelen
  • Facebook
  • Twitter

Stengd for kommentarar.