Festkavalkade for Veka og Fjellsportfestivalen!
May 4, 2010 by Trond Rogne
Sortert under Nyhende, Veka 2010
Onsdag 5. mai er det duka for ei historisk Festkavalkade på Meieriet!
Veka og Fjellsport feirar samarbeid med fotokavalkade på Meieriet
Etter ein hektisk vår med Fjellsport og veka er tida inne for eint lite tilbakeblikk på dei store hendingane. FjellsportFestivalen og Veka har dei siste tre åra samarbeida kring arrangementa sine og skal onsdag setja eit førebels punktum for 2010. Det vert ei fotokavalkade og mimring frå dei glade februardagane i Sogndal. Begge festivalane kjem til å stilla mannssterke og visa litt av kvart på scena.
Historisk gode arrangement
Vesle Sogndal var vitne til to svært gode arrangement februar TjueTi. Både veka og Fjellsportfestivalen opplevde historisk gode besøkstal og det er ikkje tvil om at Sogndal er plassen å vera vinterstid i Noreg. – Me er svært glade for å at så mange møtte opp på arrangmenta våre. Det er dette som er hovedmotivasjonen for alt arbeidet. Samstundes vil me takka Fjellsportfestivalen for godt samarbeid og me ser heilt klart at det er nyttig for eit lite lokalsamfunn å stå samla, spesielt når ein har store visjonar og siktar høgt, seier Veka-sjef Ida Johanne Ulvik. – TjueTi var eit svært godt år for vår del med over 6000 besøkande på konsertane og over 7000 totaltsett. Billettinntektene vart over 1 million og me er svært stolte over å ha runda denne milepælen for fyrste gong. Alle inntektene går tilbake til kulturarrangement så det kjem til å kome alle i Sogndal tilgode neste år.
To festivalar som er liv laga
Det er ikkje tvil om at både Fjellsportfestivalen og Veka er liv laga. Sogndal er sterkt prega av desse to store arrangementa i februar. Detter er noko av fordelen med å vera eit tett lokalsamfunn framfor ein større by. Informasjon spreiar seg kjappare og det vert fleire tette relasjonar. Interesser smittar over og det vert ei kraft i lokalsamfunnet. Eg trur desse festivalane betyr meir enn me kan rekna i pengar og økonomi. Sogndal vert sett på kartet og mange folk kjem til Sogndal for å¨oververa stor hendingar. Studentane og dei lokale er hjørnesteinen, men det er moro avt folk kjem langvegsfarande for å sjå kva som skjer i Sogndal, seier arrangementsansvarleg for veka Trond Rogne.
Samarbeidar tett ommarknasføring og heilheitleg program.
- Me ser stor nytte av å skreddersy opplegga våre til eit slagkraftig og heilheitleg program. Med fjellaktivitetar og spenstige konkurransar bidreg har me eit godt opplegg på dagtid. Storhallen er fylt av entusiastiske festivaldeltakarar og med konsertar av kjende band på kveldane vert heilskapen svært god og konkurransedyktig nasjonalt sett, seier Tor Yttri i Fjellsportfestivalen. – Marknadsføring er noko av det me prioriterar mest og det er lettare å få gjennomslag dersom ein står samla med eit fullkoment prosjket slik me gjer i dag så dette samarbeidet er avgjerande for å oppnå den suksessen me ynskjer.
Etter fotokavalkada vert det tid til ein hyggeleg festivalprat med representantar frå begge leire i flott foreining.
