Vil du skapa VEKA 2011?

February 28, 2010 by Ingve Lende  
Sortert under Nyhende, Veka 2010

Det er under eitt år til neste Veka, og alt no er det viktig å få på plass ein ny Vekasjef. Kanskje er det nettopp du som styrer skuta neste år?

Ida Ulvik var vekasjef i 2009 og 2010.

Ida Ulvik var vekasjef i 2009 og 2010.

Gjennom vervet lærar du mykje om sponsorforhandlingar, marknadsføring, booking, arrangementsførebuingar og gjennføring av arrangement. VEKA-sjefen treng å vera positiv, samarbeidsvillig, ryddig, nytenkande og open for ei utfordring.

Vervet er krevande, og det skal det vera. Det er ei stilling der du lærar utruleg mykje på kort tid og får erfaring som er gull verdt når du skal vidare ut i arbeidslivet. Du får sjølvsagt med deg ei rekkje andre personar i komiteen med stor kompetanse innan ulike felt.

Dersom du er interessert i å ta på deg dette viktige vervet, eller har spørsmål om stillinga er det berre å gje ein lyd til vekasjef@studentveka.no eller styreleiar@meieriet.no.

Team Veka Tjueti

Team Veka Tjueti

Del denne artikkelen
  • Facebook
  • Twitter

Stengd for kommentarar.