Takk for i år

February 28, 2010 by Thor Kristian Sortevik  
Sortert under Nyhende, Veka 2010

A1 - Konsert 2

Laurdag 27. Februar vart det endelege punktumet satt for årets VEKA.  Over 5000 billettar selde og over ein million kroner i billettinntekter er ein av grunnane til at årets VEKA går inn i historia som ei av dei beste studentvekene gjennom tidene.

VEKA i utvikling
VEKA i Sogndal har sakte men sikkert vekse til å verta ei merkevare som er kjend over heile landet. I 2008 tok ein VEKA til nye høgder med billettsal opp i millionklassa. Det var få som trudde at dette var noko ein kunne klare 2 år på rad.

VEKA 2009 med Ida Johanne Ulvik i spissen tok utfordringa på strak arm. VEKA 09 viste alle at å hoppe etter Wirkola faktisk er mogeleg. Ein fekk eit større fokus på dagaktivitetar og med slagordet ”saman for VEKA”, åpna ein nye dører for å inkludere lokalbefolkninga i større grad.

Ein booka breidt og fekk inn lokale, nasjonale og internasjonale artistar, som alle gjorde sitt til at studentane også det året fekk ei fantastisk studentveke.

VEKA sjefen
Allereie under VEKA 09 vart det utløyst ledig stilling som VEKA sjef i 2010, men ingen meldte interesse. Litt ut på hausten takka Ida Johanne Ulvik ja til å ha vervet eit år til, og allereie då vart forventningane skyhøge til kva den energiske krølltoppen ville finne på.

Ho satte saman eit team som bestod av personar med masse erfaring frå studentlivet i Sogndal og dei fekk arbeidsoppgåver som var skreddarsydd til kvar enkelt. Dette er nok ein av grunnane til at ein nok ein gong kan finne fram adjektivordboka og plukke får øvste hylle blant superlativa.

Kommersiell og sosial suksess

At VEKA har seld billettar for over 1 million kroner og hatt store nasjonale og internasjonale artistar på besøk er sjølvsagt noko å vera veldig fornøgd med. Minst like kjekt er det å sjå at den lokale befolkninga i større grad kjem på Meieriet og nyttar seg av tilbodet som VEKA og Studentsamfunnet elles tilbyr. Vi ser og tegn på at folk i større grad tek turen frå heile Sogn, samt Nordfjord og Sunnfjord. Noko som beviser at Meieriet i Sogndal har ein stor status i fylket.

Dagaktiviterar
VEKA 09 hadde aukande fokus på dagaktivitetar, og det vart vidareført i år. Odd-Eivind Holo og Kristine Gundersen fekk ansvar for desse aktivitetane, og det kan konkluderast med eit einaste ord; ”Suksess”.

Dei vidareførte tradisjonane med bingo og quiz, og starta forhåpentlegvis nye tradisjonar med basar og OL i spel. Som begge var godt besøkt.

Breidde
VEKA Tjue Ti har lagt opp til ei enorm breidde i programmet. Ei av nyheitene var innføringa av VEKA kunstnaren. Fotograf Arve Ullebø stilte ut ei samling av fotografi på Galleriet under heile VEKA. Og mange tok turen oppom for å kikke på.

VEKA eksklusiv vart og prøvd ut for fyste gong og det med stor suksess. Rundt 60 stk var samla til nydelig spekematbuffet levert av Joars Kjøkken. Og etterpå var det konsert med ei av fylkets mest talentfulle musikarar, Sigrid Moldestad.

Begge desse nye tilboda fekk god oppslutning og er absolutt noko ein må vidareføre til neste år.

Frivillig innsats
Ein av hovudgrunnane til at VEKA lar seg gjere, er den fantastiske innsatsen som alle dei frivillige legg ned. Utan dei frivillige hadde ein ikkje hatt sjans å gjennomføre dette gigantiske arrangementet. Over 130 frivillige sjeler har lagt igjen mange hundre dugnadstimar for at folk skal få kose seg med konsertar, quiz, bingo og andre aktivitetar. Til alle frivillige; tusen takk for innsatsen og dykk er hjarteleg velkomne til å bidra vidare med heilårsdrifta.

Sluttord
Som arrangementsansvarleg ved Studentsamfunnet i Sogndal var det ei glede å oppleve den store suksessen med VEKA i år. Studentsamfunnet er stolte av innsatsen som Team VEKA og dei frivillige har  lagt ned. Sogndal vert sett på kartet og det er ingen tvil om at VEKA er ei viktig kjelde til vidare rekruttering av nye studentar til Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Takk til gjestene som støtta opp. Takk til artistane som skapte opplevingane. Takk til sponsorane for uvurderlig støtte. Takk til studentspretten og lurkarlaget for gjennomføring av arrangement. Takk til pressen. Takk til dei som er gløymt. Og ikkje minst, takk til Team VEKA og ALLE dei frivillige som hjalp til!

Styremedlem Arrangement
v/ Studentsamfunnet i Sogndal

Thor Kristian Sortevik

Del denne artikkelen
  • Facebook
  • Twitter

Stengd for kommentarar.