Pony the Pirate klare for sundag!

February 20, 2010 by Trond Rogne  
Sortert under Arrangementsnytt

FotoFlexer_Photo2REDIGERT

Pony the Pirate kjem rett frå Oslo til Meieriet sundag. Dei går inn i kvelden som har fått prosjektnamnet kortreist rock. Etter litt uklarheiter rundt beinbrotet til John Olav Nilsen, har endeleg programmet vorte klart og me vonar alle gledar seg til ein kveld med Pony the Pirate, Tyyl! og The Generous Days.

Alle som har kjøpt billett til konserten men ikkje ynskjer å kome, kan returnere billetten på styrekontoret på Meieriet mellom kl 12:00-16:00 fram til tysdag 22. februar. Dersom du ikkje har høve til å koma så kan du sende ein mail med billettnummer og detaljar til web@studentveka.no. Alle kjøpte billettar gjeld som vanleg.

Etter mange dagar med intens jobbing er me veldig glade for at Pony the Pirate kunne kome på så kort varsel og gjere kvelden fullkomen med lokal, kortreist rock!

Del denne artikkelen
  • Facebook
  • Twitter

Stengd for kommentarar.