No kan DU delta i OL

February 18, 2010 by Ingve Lende  
Sortert under Arrangementsnytt

Ludo set 00476Det er ikkje berre i Vancouver det skal utøvast olympisk kappestrid i desse dagar. På søndag er det klar for den nye øvinga “OL i spel” på Meieriet i Sogndal.

Her skal studentane samlast til uhøgtidelig tevling i kjente og kjære spel. Blant anna blir det turka støv av den gamle Nintendo 8-bits, samt dei gode gamle bordhockey-spela. Sjølvsagt skal det også trekkast fram brett- og terningspel. Her skal studentane endelig få finne fram igjen den barnslige lysten som spel kan gje.

Det som er mest genialt med denne turneringa er at så godt som alle har dei same forutsetningane for å lukkast i desse spela. Alle har vi vel slått eit slag yatzy?

Tevlinga startar klokka 14.00 på Lab’en, med påmelding frå klokka 13.30. Det kostar 20 kroner å delta.

Vi kan garantere dei tøffaste premiane gjennom heile Veka!

Kva: OL i spel
Når: Søndag 21.februar kl.1330
Kvar: Labben, Meieriet

Del denne artikkelen
  • Facebook
  • Twitter

Stengd for kommentarar.