Robin og Bugge fyrar opp stemninga før Paperboys
February 9, 2010 by Ingve Lende
Sortert under Arrangementsnytt

Rapfenomenet Robin og Bugge får gleda av setja publikum i den rette stemninga før Paperboys tek Tanken til himmels onsdag 17.februar!
Namnet Robin og Bugge har byrja å leggja seg på tunga til folk rundt om i landet, og gruppa vert omtalt som ei av dei mest spanande og nyskapande rapgruppene rundt omkring i landet.
“HipHouse”
Robin og Bugge vert sett på som landets fyrste “HipHouse” gruppe. Gruppa er inspirert av house/elektro sjangeren, og blandar dette med element frå hiphop, sjølv om dei heller ikkje går av vegen for å gjera mainstream og ekstremt cathcy hiphop.
Skapar fest
Sterke produksjonar, fengande refreng og moderne sound gjer Robin og Bugge til ei unik oppleving som berre vert meir og meir populær på dei forskjellige scenane og dansegolva rundt i heile landet. Gjer deg klar til ein publikumsfavoritt som skapar fest gong på gong!
Altså: Robin og Bugge varmar opp for Paperboys onsdag 17.februar kl.22
Robin og Bugge<3 Endelig! Dette bli ein bra kveld!!