A1 til Veka
January 18, 2010 by Trond Rogne
Sortert under Nyhende
Ja du las rett, A1 kjem til Meieriet laurdag 27. februar.
Denne laurdagen vert ein aldri så liten nostalgisk tur tilbake til 90-talet. Til pikerom med boybandplakatar, rosa dagbøker, knuste hjarter, kjekke gutar og foreldre som berre er heilt håplause. Det norsk-britiske boybandet A1 la inn årene i 2002, men har gjort eit veldokumentert comeback i år. Dei har i si hektiske karriere vunne Brit Award, og dei har toppa hitlistene over heile verda. Coverversjonen av A-Has “Take on Me” gjekk heilt til topps, medan orginalen i si tid berre gjekk til andre plass!
A1 vert noko av det mest spesielle som har gjesta Meieriet gjennom tidene. Dei tre gutane stiller med glimrande musikarar i bandet og dei plukkar berre frå øvste hylle når dei skal ut på konsert. Sogndal vert arena for ein av dei få konsertane gutane kjem til å gjere. Dette er ein jobb utelukkande for Sogndal. Det er ikkje tvil om at dette bandet kjem til å gjere stor furore atter ei gong.
Fyrstkomande laurdag deltek dei på Grand Prix som ein av dei store favorittane.
Billettane vert lagt ut måndag kl 12:00
Live frå Party in the Park – Take on me
