Den siste Vekapresangen er klar!

January 16, 2010 by Trond Rogne  
Sortert under Nyhende

GåveVeka TjueTi pakkar ut gåva på måndag, men drypp nokre hint allereie i dag!

- er du klar for å tippe?

Avslutningskonserten til Veka TjueTi er no klar. Det vert artistar som har seld over 50 millionar plater og har spelt konsertar over heile verda. Skal ein setja dette bandet i ein historisk samanheng for Sogndal så er det utan tvil det mest populære bandet som har spel her. Gruppa har ei norsk tilknyting og har det siste året byrja oppatt etter nokre år med pause! Dette vert den fyrste heile konserten sidan dei fann saman att.

Billettsalet byrjar måndag kl 12.00 både på studentveka.no og på billettkontoret i 2. etasje på Meieriet.

Veka Tjueti har dermed fått sitt komplette program klart og alt vert offentleg på måndag. Fyrst ut er Sogn Avis på nett. Då er også alle billettane klare og det kjem til å bli eit rotterace frå kl 12.00 når billettkontoret på Meieriet opnar. Onsdag er det også klart for møte for dei frivillige kl 18.00. Det vert bevertning, Vekafilm, offentleggjering av jobbelister samt kveldssal av billettar fram til kl 21. Her kan alle som vil kome, både påmelde frivillige, dei som vil bli frivillige og andre som vil handla billettar

Vel møtt!

Del denne artikkelen
  • Facebook
  • Twitter

Kommentarar

4 svar til “Den siste Vekapresangen er klar!”
  1. Malene says:

    D`Sound?

  2. Christian says:

    A1?

  3. Unni says:

    Aqua

  4. Lina says:

    Oasis? Please?

    50mill plater e jævlig mye..