Frivilliglistene er fulle

January 28, 2010 by Ingve Lende  
Sortert under Arrangementsnytt

No er det ikkje lenger plass til fleire frivillige på jobbelistene under Veka.
- Dette er rett og slett fantastisk! Eg er kjempeglad for at så mange vil vera med å bidra til at Veka Tjueti vert tidenes beste Veka, seier frivilligkoordinator Anne Karen Røyrvik med eit smil.
Studentsamfunnet slit somme gonger med for få frivillige. Kva [...]

Under 100 billettar att

January 28, 2010 by Ingve Lende  
Sortert under Nyhende

Det er no under 100 billettar att til konserten med Donkeyboy torsdag 18.februar.
Dei som endå ikkje har kjøpt billett bør ikkje venta for lenge, salet til konserten går jamt og trutt mot utselt…
Du kan framleis sikra seg billett til Donkeyboy

på nett
på billettkontoret på Meieriet mellom kl.12 og kl.16
på Fjordbok i stadionbygget på Fosshaugane, [...]

Onsdag er billettdag

January 27, 2010 by Trond Rogne  
Sortert under Arrangementsnytt

Kvar onsdag fram mot Veka vert det kveldssal av billettar på Meieriet fram til kl.22.00.
Pågangen på billettar har dei siste fjorten dagane vore stor, så Veka ser det som naudsynt å utvida salstida for dei som ikkje kan nytte internettbutikken. Det er viktig for Veka å vera tilgjengeleg for alle billettkjøparar.
Dersom du har problem med [...]

Fire VEKA-band nominert til Spellemannspris

January 25, 2010 by Thor Kristian Sortevik  
Sortert under Nyhende

Fire av artistane som kjem til VEKA er nominert til Spellemannsprisen!
Donkeyboy er nominert i heile tre kategoriar, Årets populærkomponist, Popgruppe og Årets nykommer.
Ei anna gruppe som er nominert er John Olav Nilsen og Gjengen. Dei er nominert i kategoriane Rock og Nykommer. Bodøbandet Kråkesølv er nominert i kategoriane Popgruppe og Nykommer. Det siste, [...]

Veka Eksklusiv: Sigrid Moldestad med band. Servering av lokal mat!

January 25, 2010 by Ingve Lende  
Sortert under Arrangementsnytt, Nyhende

By:Larm-aktuelle og plateaktuelle Sigrid Moldestad kjem til Veka for å trollbinda deg! Det er med stor glede at Veka endeleg kan ønskja Sigrid Moldestad velkomen til Meieriet.
Ikkje nok med at du får konsert med Sigrid Moldestad, denne kvelden kan du også nyta  ein spanande lokal spekematbuffe levert av Joars Kjøkken. Les meir om buffeten her [...]

A1 gjekk til finalen i MGP

January 23, 2010 by Thor Kristian Sortevik  
Sortert under Nyhende

Alt gjekk på skinner for A1 i dagens delfinale i Melodi Grand Prix. Med sangen “Don’t Want to Lose You Again” var det aldri tvil om at dette skulle gå vegen. A1 har tatt første steget mot heder og ære i Melodi Grand Prix. Den norske finalen går i Oslo Spektrum 6.februar og det gjenstår [...]

Saftig revy

January 21, 2010 by Ingve Lende  
Sortert under Arkiv

Fjorårets studentrevy på Kulturhuset trekte fullt hus og trampeklapp. I år siktar revygruppa endå høgare og lovar tidenes saftigaste og beste revy i Sogndal.
Revyen er eit must for mange under Veka, og i år som i fjor er det revyen som opnar Veka.  Spekulasjonane går ofte høgt om kven eller kva revyen tek for seg [...]

Jobbelistene er klare

January 21, 2010 by Ingve Lende  
Sortert under Arrangementsnytt

No er jobbelistene for Veka Tjueti klare. Det trengs framleis folk i bar- og vaktgjengane, du kan melda deg som frivillig her. Gjengane booking, lydlys, kafe, PR, foto og vaktmester er fulle.
Listene er sett opp av frivilligkoordinator Anne Karen Røyrvik. Ho har gjort som best ho kunne for å få kabalen til å gå [...]

A1 utselt

January 21, 2010 by Ingve Lende  
Sortert under Nyhende

Alle billettane til konserten med A1 er no rivne bort. Sjeldan har ein konsert på Meieriet selt så bra som konserten med det norsk-britiske boybandet.
- A1-konserten har selt historisk godt! Eg visste konserten kom til å selja bra, men at det skulle gå så fort hadde eg ikkje trudd, seier ein glad arrangementsansvarleg Trond [...]

Frivilligmøte og kveldssal av billettar!

January 19, 2010 by Trond Rogne  
Sortert under Arrangementsnytt

Er du frivillig eller vil du bli det?

Onsdag 20. januar kl 18:00 er det frivilligmøte på Laben, Meieriet. Her vert jobbelistene offentleggjort, ein kan melda seg som funksjonær, ein kan kjøpe billettar, ein får gratis vaflar og ein får sjå ein veldig god Vekafilm!
Løninga for dei frivillige er i år rekordstor. Ein får kjøpe billettar [...]

Neste side »