Lovande start på billettsalet
December 21, 2009 by Ingve Lende
Sortert under Arrangementsnytt
Allereie no kan du sikra deg billett til dei konsertane du berre må få med deg under Veka i februar. Billettlukene opna 15.desember og salet så langt ser veldig lovande ut. Donkeyboy, Vassendgutane og Paperboys er så langt dei konsertane som sel best.
Fram til 4.januar vert det dessverre berre mogleg å kjøpa billettar på [...]
Bli frivillig – vinn tur for to til Island
December 21, 2009 by Ingve Lende
Sortert under Nyhende
I samarbeid med Iceland Air kan Veka Tjueti tilby alle frivillige å vera med i trekninga om ein tur for to til Island til ein verdi av 10 000 kroner!
For å skapa Veka trengs det mange frivillige til å gjera mange ulike oppgåver. Du kan stå i baren, vera vakt, jobbe med lyd og lys [...]
Musikalsk julegåve frå Kråkesølv
December 20, 2009 by Ingve Lende
Sortert under Nyhende
14.desember gjesta Veka-aktuelle Kråkesølv Store Studio og framførte låta “Vi tenner våre lykter når det mørkner” saman med Kringkastingsorkesteret. Resultatet vart ein unik versjon med julestemning som rekk heilt frå Sogndal til sjølvaste julestjerna…
Fredag 26.februar kan du sjå Kråkesølv live på Meieriet saman med Superfamily.
Kråkesølv på Spotify
Kråkesølv på Myspace
Heile innslaget med Kråkesølv i Store Studio [...]
Konsertstart kl.22
December 18, 2009 by Ingve Lende
Sortert under Arrangementsnytt
Veka ynskjer å vera eit arrangement for alle, og det skal vera fullt mogleg å gå på ein konsert sjølv om ein skal tidleg opp dagen etterpå. Derfor kjem alle konsertar under Veka Tjueti til å starta kl.22 dersom ikkje tidlegare konsertstart er annonsert.
Bli frivillig!
December 7, 2009 by Ingve Lende
Sortert under Arkiv
Veka TjueTi avheng av deg! Ja, nettopp deg. Vi treng frivillige til å dra det heile i land, og dermed gjere Veka TjueTi til tidenes beste studentveke!
Vi treng MANGE frivillige til ulike jobbar; bar, café, vakter, pr, media og så vidare. Her får du ein unik moglegheit til å få masse erfaring, som garantert gjev [...]
Toppartistar til Veka Tjueti
December 7, 2009 by Ingve Lende
Sortert under Nyhende
Ei rekke norske toppartistar kjem til studentveka i Sogndal i februar. Mellom andre Paperboys, Donkeyboy, Datarock, komikaren Lisa Tønne aka. Ali Reza og Vassendgutane.
Med meir enn 50 arrangement skal 30-årsjubileet for studentveka feirast på dundrande og godt vis, der norsk kvalitetsmusikk og underhaldning i ulike sjangrar vil prege dagane i Sogndal frå 16. til [...]